PROTOKOLL
Jarle Sulebust ønsket velkommen til møtet. 18 medlemmer var til stede. Ingen hadde merknader til styrets innkalling og saksliste.
Sak 1 Val av ordstyrar
Jarle ble samrøystes vald til ordstyrar.
Sak 2 Val av to personar til å skrive under protokollen
Kåre Stadheim og Odd Normann Hoff blei vald til å skrive under protokollen.
Sak 3 Val av referent
Arne Haugen var samrøystes vald.
Sak 4 Årsmelding 2021
Jarle leste opp årsmeldinga for 2021.
Årsmeldinga vart samrøystes godkjent utan merknader.
Sak 5 Årsrekneskapen 2021
Rekneskapen er ført av Økonomibyrået ved Lars O Foss, og revisor har vore Knut Sjåstad.
Økonomien til foreininga har vore tilfredsstillande. Styret har arbeidd mykje med nye sponsoravtalar etter at dei avtalane vi hadde gjekk ut i 2021. Vi har positive tilbakemeldingar frå lokale firma om samarbeid.
Revisoren var ikkje samd i at økonomien var tilfredsstillande. Han var redd for at økonomien kunne bli vanskeleg i framtida om ein ikkje skaffa nye sponsorar.
Med disse merknadane ble årsregnskapet samrøystes godkjend.
Sak 6 Årsplan
I 2022 har styret planer omgå arbeide videre med heimesida og få inn leseverdige artiklar i lokalavisene, og arbeide vidare med ei liste over litteratur knytt til Storfjorden.
Styret har planar om to samlingar i 2022. Aktuelle tema: 1.Ver og vind l Storfjorden v/ meteorolog Anders Sivle. 2. Om fiskeria i Storfjorden v/ Knut Sjåstad. 3. Turistbåtane og cruiseskipa gjennom tidene. 4. Stod Hjørungavågslaget i Storfjorden? Styret er også takksam for andre forslag om andre tema enn det styret legg fram her.
Årsmøtet tok årsplanen til vitande utan merknader.
Sak 7 Kontingent 2023
Kontingenten blir uendra kr 200 i 2022. Samrøystes vedteke.
Sak 8 Budsjett 2022
Ramme på 43000
Kontingent. 16000
Kulturtilskot 12000
Sponsorstøtte. 15000
Sum. 43000
Kostnader
Utvikling av heimeside 4000
Samlingar 18000
Rekneskap. 13000
Div. utgifter. 8000
Sum. 43000
Det ble stilt spørsmål om kva som låg bak kostnadane til rekneskapsføringa. Møtelyden fekk ei tilfredsstillande forklaring på det.
Budsjettet vart så samrøystes godkjent.
Sak 9 Framlegg til endring av vedtektene
Styrets framlegg til endring av vedtektene er ei presisering av kva som ligg i omgrepet Storfjorden. Det er intensjonen at heile Storfjorden med sidefjordar skal vere med.
Styret sitt framlegg til endringar av paragraf 1 i foreininga sine vedtekter vart samrøystes vedteke.
Sak 10 Val
Innstillinga frå Lars Per Longva og Kjell Ole Løseth i valnemnda var slik
Styret: Jarle Sulebust leiar på val i 2023/2024
Knut Måseide. på val i 2024
Norunn H Steinnes. på val i 2024
Torbjørn Osvik. på val i 2023
Arne Haugen. på val i 2023
Vara: Ove Hansen på val i 2023
Asbjørn Kron Dalen på val i 2024
Revisor: Knut Sjåstad på val i 2023
Innstillinga frå valnemnda på nytt styre vart samrøystes vedteke.
Valnemnd.
Kjell Ole Løseth på val i 2023
Årsmøtet gav styret det mandatet å finne ytterlegare ein person til valnemnda.
Det nye styret takka dei frammøtte for samarbeid og engasjement.
Etter årsmøtesakene var det ei god matøkt før Øyvind Midtlid heldt foredrag om postgangen i Storfjorden gjennom tidene. Han bygde det heile opp med å vise til eldre brev med særleg tilknyting til Ringdal, Hellesylt, Stranda og Norddal. Spennande og lærerikt.
Stordal, 24. mars 2022
Arne Haugen
Referent
Kåre Stadheim Odd Normann Hoff