Protokoll frå årsmøtet i Nilsgardstunet i Stordal, torsdag 21. mars 2024 kl. 1900 - 1940.
Styreleiar Jarle Sulebust, ynskte dei 17 frammøtte velkomne. Innkalling og saksliste vart samrøystes godkjend utan merknader.
Dagsorden:
Sak 1: | Val av ordstyrar Jarle Sulebust vart samrøystes vald. |
Sak 2: | Val av to personar til å underskrive protokollen Kåre Tafjord og Terje Misund vart samrøystes valde. |
Sak 3: | Val av referent Knut Maaseide vart samrøystes vald. |
Sak 4: | Årsmelding 2023 |
Jarle Sulebust las årsmeldinga.
Vedtak:
Årsmeldinga vart samrøystes godkjend utan merknader.
Sak 5: Årsrekneskap 2023
Jarle Sulebust gjekk igjennom rekneskapen og las revisjonsrapporten.
Vedtak:
Årsrekneskapen vart samrøystes godkjend utan merknader.
Sak 6: Årsplan 2024
Jarle Sulebust las og kommenterte styret sitt framlegg til årsplan.
Vedtak:
Årsmøtet tok årsplanen til vitande utan merknader.
Sak 7: Kontingent 2025
Styret gjorde framlegg om at kontingenten skal vere uforandra i 2025.
Vedtak:
Styret sitt framlegg om årskontingent på kr 200 i 2025 samrøystes godkjend.
Sak 8:Budsjett 2024
Jarle Sulebust las framlegget til budsjett.
Vedtak:
Styret sitt framlegg til budsjett vart samrøystes godkjend utan merknader.
Sak 9: Val
Valnemnda sitt framlegg på kandidatar til dei ulike tillitsverva vart samrøystes godkjend med akklamasjon:
Styret: Jarle Sulebust (1 år som leiar) 2 år (attval)
|
| Knut Maaseide | 2 år | (attval) |
|
| Torbjørn Osvik | l år | (ikkje på val |
|
| Arne Haugen | l år | (ikkje på val) |
|
| Asbjørn Krohn Dalen | l år | (ikkje på val) |
• | Vara: | Ove Hansen | 2 år | (attval) |
|
| Kåre Tafjord | 2 år | (ny) |
• | Revisor: | Knut Sjåstad | l år | (attval) |
Det vart ikkje lagt fram forslag til ny valnemnd på årsmøtet. Styret kjem med forslag til ny valnemnd og sender det ut til medlemmane til godkjenning.
Årsmøtet avslutta kl. 1840.
Stad, dato:19.04 2024
Kåre Tafjord og Terje Misund
Etter årsmøtet var det ei solid matykt med gode, heimelaga smørbrød, kaffi og eplekake. Deretter heldt Asgeir Kvernberg og Odd Normann Hoff eit framifrå lysbildeforedrag om Storfjordens Venner i snart 50 år og om det utrulege restaureringsarbeidet dei har gjort på fjellgardane langs Storfjorden gjennom desse åra. Stor applaus frå ein imponert møtelyd!
Referat: Knut Maaseide 03.04.24