"Er De født på gården Horvedrag?"

          "Nei, men jeg har været der, siden jeg var 2 år gammel," svarte han, "og nu er jeg snart 60 år. Det er der, jeg har nedlagt mit bedste arbeide; mange lyse og mørke minder er for mig knyttede til dette sted," sa han stilt.

          "Er det stor gård?"

          "Å nei, den kan føde 15 storfæ og 76 smaler (sauer); det vil si, når jeg regner begge pladserne med. Jeg har nemlig 2 pladsemænd. Og potetes kan avles så meget, som trænges til eget brug. Det er en gjild gård."

          "Havnegangen er vel svært god?"

          "Ja, den er mageløs, og det er vel den, som fra først af har lokket folk til at bygge sig hjem der."

          "Hvor langt kan der være fra sjøen op til våningshusene?"

          "Omtrent 5 kilometer*); men det er brat, kan De tro. Alt, som skal fra og til gården, må bæres på ryggen; jeg har nu anskaffet en laupestreng, den har lettet meget transporten; forresten har jeg aldrig fundet arbeidet tungt på Horvedrag. Jeg er vokset op med disse forhold. Men nu begynnder jeg at bli træt og gammel. Jeg skulde derfor levere bruget til min ældste søn nu til våren. Men han tør ikke bo der længer"

Her tiede Andreas og tårene stjal sig nedover hans friske kinder. -

          "Nu er det ingen, som vil ha denne "heimen"; også jeg må flytte," sa han så lavt.

MF 3 Skredet kommer.jpg


          "Det er vel disse fjeldrasene, som jager eder bort?"

          "Ja, vi er ikke trygge en time nu længer; det er tegn til, at husene vil bli ødelagt, så det er livsfarligt at være i dem. Stor lykke er det, at disse ras ikke før har gjort det af med os; thi hvert år har det gåt skred i nærheden af gården. For 4 år siden var det nær ved, at husene skulde bli tat, men vi slap med at få en del af taget og mesteparten af indboet ødelagt. Værst var udraset ifjor sommer. Det satte en forfærdelig skræk i os alle på gården. Da blev skorstenen revet ned, og en sten gik igjennem taget og helt ned i kjælderen. Min søn sa da, at han ikke kunde være der længer. Han har nu kjøbt gård i en anden bygd, og jeg sidder igjen gammel og udslidt.

Jeg glemmer aldrig denne frygtelige dag. Det var ligesom mit hjem i denne stund blev tat fra mig. Jeg har aldrig kjendt mig så fattig før. Nu ser jeg, at alt mit arbeide, som jeg havde ventet vilde gi mig brød, når jeg blev gammel, ikke er noget værdt. Jeg må gå fra alt."

          "Og pladsene, som hører gården til, også udsatte for stenskredene?"

          "Ja. Den ene af pladsemændene har 5 småbørn**) , og hele hans eiendom ligger i pladsen. Det blir nu rent galt for ham, om ikke folk træder støttende til. Den andre pladsemanden**) er mere sikker for sine huse; men han kan ikke være igjen, når de andre flytter." 

          "Så? Hvorfor ikke det da?

          "Han kan ikke greie sig alene; det må være flere voksne mænd på Horvedrag; for når vi skal ud, om ikke længere end ned til nøstet, er det så stupende brat og farligt på sine steder, at men ikke kan gå alene. Snubler en og falder på stien, bærer det lige i afgrunden med en gang, og det er ikke tale om liv mer. Derfor knytter vi et reb om os, som en står og holder i ovenfor stupet."

          "Hvor mange mennesker er der ialt, som nu må flytte fra Horvedrag?" spurgte vi.

          "Det er 16. Den dag, vi alle må forlade vore hjem, bli en trist stund; men vi kan ikke  leve der længer; denne angst for, at ulykken kan hænde hvert øieblik, er uudholdelig - endda De kan tro, Horvedrag er et kjært sted for meg."

Under hele samtalen var Andreas meget bedrøvet over den skjæbne, gården gik imøde. Tanken om at måtte  flytte fra sit hjem var nok tung, som rimeligt er.

          "Har der ofte været udras i nærheden af Deres gård?"

          "Ja, både sten og sne har gået der hvert eneste år. For 15 år siden var min far og jeg i en båd på fjorden; det var på vårparten; med et hørte vi en forfærdelig susing i fjeldet, og så kom der et voldsomt sneskred helt ned i sjøen. Der blev så stor sjøgang ved det, at båden gik rundt to gange; men alligevel kom vi ikke tilskade. Da alt var blit stille igjen, fandt vi på den anden side av fjorden sten og småt birkekrat, som skredet havde ført over."

 

 

*) I artikkelen er det nemnt at det var 5 km frå husa og ned til sjøen, noko som må ha vore ein trykkfeil eller ei mistyding. Andreas kan  ha sagt fem hundre meter, som truleg kan ha vore om lag gangavstanden på ei rås på skrå i det bratte terrenget.  Husa på Horvadrag ligg om lag på 250 m høgd over fjorden, og fjordstrekninga inn til Geiranger er om lag 8 km.

**) Brukaren var Ivar Eilifsen Rudi og etter kjeldene hadde han fire born som vaks opp.

      Den "andre pladsemanden" må ha vore Ingebrigt Pedersen, sjå nedanfor.

MF 4 Horvadrag husa.jpg

 Husa på Horvadrag ein gong før 1898. Prospektkort. Eigar: Per Harald Westerås  Arkiv: Fylkesfotoarkivet


Våren 1900, truleg i mai månad, reiste Andreas Karlsen og familien hans frå Horvadrag. Det var nok ei tung avskil frå fedregarden og det er fortalt at siste dagen fann dei Andreas i naustet, der sat han og gret. Sonen, Sølfest Andreassen, flytta til Ramstaddalen der han hadde kjøpt garden Ytstehaugen på Klokk (gnr 65, bnr 9 i Sykkylven) for 2800 kr. Andreas og kona hans, Oline Olava, følge med til Klokk og i folketeljinga for 1900 er dei registrert på garden som kårfolk. Andreas var fødd i 1841 og døydde 65 år gamal i 1906. Oline Olava var fødd i 1847 og døydde 37 år seinare, i 1943. Begge er gravlagt  på kyrkjegarden i Ørskog. Horvadrag vart seld og for ettertida nytta berre til høyslått og beite.

MF 1 Andreas ogOline.jpg

 

MF 5 Sylfest og Lovise Horvadrag.jpg

Sylfest Andreassen Horvadrag (1870-1950) og hustru Lovise Marthe Rasmusdatter Homlung (1864-1956) hos fotograf i 1914. Fotograf: Sponland Arkiv: Fylkesfotoarkivet

Megarden eller Megardsplassen ligg eit stykke ut og ovanfor Horvadrag og vart fråskild som eige bruk i 1872. I folketeljinga for 1891 er garden nemnt som: Midtgaard, Solbokke (Solbakken). Ivar Eilifsen Rudi, opphavleg frå Skjåk, var siste brukaren.

Han og familien flytta ut våren 1900, truleg samstundes med at folket på Horvadrag reiste.  

 

I folketeljinga for 1875 var der registrert ein brukar til på Megarden, Ingebrigt Pedersen (f. 1837) som var gift med Inger Martha Ellingsdatter Grande. Dei hadde ikkje born. Det er noko usikkert om dei framleis budde på garden i mai 1900, men seinare det året er han registrert som husmann utan jord på Grande.

 

Det eine fjellskredet "ifjor sommer" som Andreas fortalde om i intervjuet, er registrert i Skrednett/NVE Atlas i mai 1898. Bustadhuset på Horvadrag var bygt slik at halvdelen var trygt inn under ein berghammar, medan den andre halvdelen var ute i det "fri". Steinraset sopte vekk denne frie husenden og markane, men ingen omkom. Skredet som Andreas daterer til 15 år tilbake i tid, er registrert i Skrednett/NVE Atlas som eit stort fjellskred i april 1880 som gjekk frå Gjerkland (ein stor fjellknaus høgt oppe i fjellet utanfor Horvadrag). Skredet gjekk rett til fjords og reiste slike bølgjer at eit naust på hi sida vart kasta rundt. Det er referert at bonden på Horvadrag og guten låg på fjorden og fiska, og båten deira kvelvde rundt fleire gonger. Begge redda seg med berre mindre skader. Flodbølgjer gjorde skadar på nausta ved "Dei sju systrene" og bølgjene gjorde stor skade på gardane Grande og Maråk, 8 km frå rasstaden. 

 

På denne bakgrunnen var det opplagt gode grunnar til at dei flytta frå Horvadrag, likevel, til no har det ikkje gått fleire skadeskred over garden. Men året etter, i februar 1901, gjekk eit stort snøskred over Megardsplassen som kasta husa av murane, knuste alt av tømmer og innbu, og sopte alt over stupet og rett på sjøen (Sjå Skrednett / NVE Atlas). Det hadde aldri før gått skred over plassen, og hadde der framleis budd folk vinteren 1901, ville truleg ingen ha berga livet.

 

Ivar Rudi fekk seg bustad på Sjølbørskor i Fjøra i Norddal kommune, der han og familien hans er nemnt i folketeljinga for 1900. Det er fortalt at han mistreivst der og var meint på å flytte attende til Megardsplassen. Våren 1901 rodde han frå Fjøra og til Horvadrag, ein rotur på omlag 44 km, for å sjå til garden. Han fann då berre vrakgods etter husa, som låg og flaut på fjorden. Stutt tid etter flytta han og familien hans til Hellesylt der han seinare brukte plassen Høyreiten.  (Sjå òg artikkelen "Folk og færing" av Oddvin Lundanes)

 

I mai 1900 stod det i avisene eit opprop frå framståande menn i Sunnylven, om å gi hjelp til brukarane på Knivsflå og Horvadrag. Sunnylven heradsstyre hadde innvilga 200 kr og i avisene er det elles opplyst at amtskommunen ville yte 1000 kr. Kor mykje økonomisk hjelp oppsitjarane til sist fekk, er ikkje kjent.

MF 2 Opraab 12mai1900.jpg

 

Litt om gardsnamna

Horvadrag / Horvadraget (matrikkelgard nr 106 i Stranda) (dialektisk: Hørvadraje)

Nemnt så tidleg som i 1603. Namnet har samanheng med dei norrøne orda horfa og drag, dvs fure etter ei horv, og her viser namnet til skred-furer eller liknande striper i fjellsida.

 

Megardsplassen (matrikkelgard nr 101 i Stranda)

Den andre lekken av namnet kjem av ordet garð som her er gitt tydinga "gard" (opphavleg tyding: "gjerde"). Første lekken av namnet er det norrøne ordet með som her kan tyde ved eller attmed, dvs her: plassen (garden) nær ved Horvadrag. Ein skulle kanskje tru at namnet har same tydinga som Megarden i Oaldsbygda, men etter  uttale og gamle skriftformer må første lekken av det namnet lesast som með i tydinga “mellom”, eller  mið i tydinga “i midten”.  Namnet må der truleg lesast som “garden i midten”.

 

 

 

Kjelder:

 

Sunnylven og Geiranger II - P. A. Lillebø, Sunnylven Sogenemnd

Geiranger: en beskrivelse med billeder - av Edv. Hole (Christiania 1905)

Øydebruk i Sunnylven og Geiranger  - av Jørgen Gjerding (1935)

Fjorden, fjellet og folket  - av Arild Flydal

Eld som slokna  - av Sakarias Ansok 

Skrednett / NVE Atlas - https://atlas.nve.no/

 

 

05.10.2020