D a l e b ø
Ved sjøen under garden Dale finn vi Dalebø, like ved Norddal eller Dale kirke og i midtpunktet av Dale skipreide. I alle fall i 1750-åra var det kremmarar i verksemd her. Den første vi høyrer om var LARS THORESEN HIELME, bondeson fra Hjelme i Valldalen, som svarte handelsskatt 1751-56. Han var første gongen gift med Ingeborg Sørensdatter Hagerup, som var enke etter klokkaren Oluf Eriksen Dale som kanskje hadde handla her før. Lars Hielme levde til 1768.
Klokkaren OTTE FRIEDRICH SCHIERENBECH, ein bergensar, svarte handelsskatt her 1755-56. Han kan ha handla her tidlegare med. Han døydde i 1757. Seinare ingen handel.
R e l l i n g e n
Fra andre halvdelen av 1630-åra budde JOHAN JOHANSEN her på garden. Han var etter alt å dømme borgar, mest truleg lik sunnmøringen av same namn som tok borgarskap i Bergen i 1624. Han var helst borgarson fra Hannsund i Borgund og hadde kanskje handla på Sula før han kom til Rellingen gjennom giftarmålet med presteenka Marit Jensdatter. Johan Johansen verka stundom som lensmann i Dale skipreide, og i det minste i tida 1659-67 var han kirkeverje i Norddal. I 1657 er han oppført med ein buskap på 2 hestar, 2 oksar, 24 kyr, 12 geiter og 20 sauar, i alt vel 37 kyrlag. Denne erlig og velagt mand, som han er titulert i 1656, døydde i 1667. Han rådde då for eit etter måten stort jordegods, nemleg 15 våger fisk. Eg har ikkje funne at noken heldt fram med verksemda til Johan Johansen.
Så låg handelen på Rellingen nede til midt på 1700-tallet, då gullsmed HANS JØRGEN REUTZ, presteson fra Norddal og eigar av Rellingen, tok til med både gullsmed- og handelsverksemd. Han svarte handverksskatt 1748-49 og 1757 og handelsskatt 1752-56 og 1761. Rellingen blei ikkje rekna som kremmarsete i 1749. Etter Hans Strøm skal Reutz ha tatt til med potetdyrking her kring 1750, noke som vil seie at han kan ha vore mellom dei første potetdyrkarane i Norge. Han døydde i 1769.
Ei datter av Reutz ekta løytnant, seinare kaptein LUDVIG TORBJØRN SYNNESTVEDT, som truleg dreiv gjestgiveri på Rellingen, men utan å svare handelsskatt. Han døydde i 1799.
Sonen HANS JØRGEN REUTZ SYNNESTVEDT fekk gjestgivarløyve for Rellingen i 1806 og svarte gjestgivarskatt 1807-08 og 1811-25. Synnestvedt var vegmeister i Romsdal og Søndre Trondhjems amt fra 1802, kapteins grad fra 1803. I 1809 kjøpte han garden Indre Årø ved Molde og flytta truleg dit straks. På Rellingen må han ha hatt ein styrar av gjestgiveriet, men vi veit ikkje kven det var. Synnestvedt var tingmann for Romsdal i 1815. I 1827 blei han utnemnd til krigskommisær. Inga verksemd på Rellingen etter hans tid.
Y t r e D a l e
Den første kremmaren her var PEDER LARSSEN YTRE DALE, bondeson fra garden som tok til å handle seinast i 1745. Handelsskatt 1745-48. Han levde til 1779. I 1749 blei ikkje Ytre Dale rekna som kremmarsete.
LARS PEDERSEN YTRE DALE, son av den føregåande, tok over handelen etter faren og svarte handelsskatt 1751-63 og 1777-91. Han døydde i 1792, fallitt. I 1785 heitte det om kremmarsetet:
Ejeren som er en bondemand har i nogle aar ført en liden og ubetydelig handel, da hans næringsvej fornemmelig bestaar i sit gaardebrug, fiskerie og lade fragte sin jægt til andre; stedet synes derfor ej synderlig nødvendig.
Sonen PEDER LARSSEN YTRE DALE d.y. dreiv så verksemda vidare i eininga 1792-1818, dei siste ti åra berre som gjestgivar. I 1790 fekk han skøyte fra faren på 1,5 våg fisk i garden Ytre Dale, tredjedelen av sagbruket der, jekta Svanen på 24 lester, ei fiskarstove i Ålesund, ein part i Norddal kirke samt mykje lausøyre, krøtel og meir for 1280 rd. Peder Lrassen fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Skiftebuet etter han i 1826 balanserte berre så vidt. Inga borgarnæring her seinare.
Allereie i 1743 fekk Peder Larssen Ytre Dale festebrev på ei hustomt og ei hjellstø på Noteneset i Ålesund. Der må han ha bygd, for i 1784 er det opplyst at sonen Lars Pedersen åtte ei fiskarstove i Ålesund. I 1803 finn vi atter nokre hus i Ålesund i eiga til denne ætta for då laut Peder Larssen Ytre Dale d.y. selje disse husa til Peter Nicolai Randulff i Hamna i samband med at Peder Larssen gjorde oppbud. Han var gått konkurs, men kom seg på beina att, sidan han heldt fram med handelen like til 1818. Kremmarane i Ytre Dale hadde altså ein fast fiskestasjon i Ålesund gjennom 60 år. Det er lite truleg at kremmarane i Ålesund tillet dei å drive handel fra denne stasjonen.