Julehandel i Dalsbygda
Av Johannes Osvik
Det er rart når ein ser attende, korleis ein synest alt var så mykje meir enkelt før enn no. Ein kan ta dette med julebord til dømes: Eg høyrde aldri ordet nemnt eingong i mi oppvekst-tid. Nei, ein måtte nok litt uti desember, før jula for alvor var på tale. Og det som eg her fortel, knyter seg til ei viss hending som nær sagt var ein tradisjon for Osvik- og Kastefolket. Eg tenkjer då på den årlege turen til Dalsbygda, til dei to handelsmennene der, han Buda-Ole og han Buda-Jakob, for å selje skinn og somme tider smør og ost.