Laksen - den glade vandrar
Av Per Arne Grebstad
Å tøffe innover Storfjorden ein vårdag i ein båt med Voldamotor må vere ei oppleving. Geitsimbra overtek skogbotn etter kvart som snøen smeltar. Ivar Aasen brukar ordet symra, og det liknar på sumar, dei moderne menneska seier kvitveis.