av Per Arne Grebstad

Aurebukta er bukta mellom Hauneset og Aursneset i Sykkylven. Ho har ei strandlinje på om lag fire kilometer. Midt i bukta renn Storelva eller Aureelva ut, det er denne elva laksen som kjem symjande heilt frå havområda ved Færøyane søkjer. Frå kjeldene, som er små vatn og brear i 800 – 1000 meters høgd trillar dropane den lange vegen gjennom Syndalen til Anstavatnet som ligg i 62 meters høgd. Ved flaum er vatnet magasin og held god vassføring inntil fire døgn. Vatnet er mesotroft, middels næringsrikt, medan kjeldene er oligotrofe, næringsfattige.

Vatnet som når fjorden er temperert og jorda i dalføret har høg bonitet, noko som gir god produksjon av plante og dyreliv. Desse faktorane er  grunnlaget for at der gjennom hundreår og tusenår har vore ein stabil laksestamme. Aurebukta har vore laksebukta på Sunnmøre på same måte som Ørskogvika har vore torskebukta.

Då Ivar Aasen i unge år var huslærar på Solnør, rodde han ofte fjorden for å besøke søstera si i Ramstaddalen. Frå heimen hennar gjekk han i fjellet og samla plantar. Seinare samla han ord. Ordet lakseverpe forklarar han slik: Sted hvor man fanger laks med not.

Aurebukta

Aurebukta er bukta mellom Haugsneset og Aursneset.  Bildet er teke frå Aurenakken sommaren 1992. Foto: Per Arne Grebstad

I Aurebukta har her vore seks lakseverpe. Når det gjeld fisket i fjorden, og ikkje minst lakseverpa, dokumenterer Hans Strøm dette på ein glimrande måte. Vi er då tilbake til år 1760. Han skriv: Der fanges Qveiter i Mengd; og i Søkelvsfjorden falder dessutan god Laxe-Fangst med mere, som gjør, at Sogne-Folket her staar sig i Alminnelighed vel.

Frå gammalt høyrde det med lakseverpe til garden Vik. Han har retten til lakseverpet nord for Hauneset på Klokkarhaug. Dette er truleg ein leivning frå tida før Klokkerhaug vart utskild frå Vik som eigen gard. Her stod ei flakenot, dei la ein kvitmåla flake på sjøbotnen framfor opninga av nota. Over hadde dei bygt eit stillas, ei gilje. Her heldt ein mann vakt og drog i tauet som stengde nota når han såg laksen symje inn over flaken. Nota i Hauneset var i bruk fram til 1910. Haubukta er syd for elva. Nord for elva er Ullavika som har vore ein heilag stad. Der er ikkje arkeologiske spor etter førhistorisk busetnad. Strøm skriv om lakseverpet der:

Paa Præstegaarden Ørskoug forvares endnu et gammelt Tingsvidne, skrevet paa Pergament, og dateret d. 20 Julii 1544, hvoraf sees, at Guldbrand Guldbrandsøn Viig har givet og skiænket til Præstebordet paa Ørskoug Ullaviig med Verpet, det er, et lidet Stykke Jord kaldet Ullaviig, som ligger under Gaarden Oure tet ved Søkelvs-Kirke, tillige med et dertil hørende Laxe-Verpe. Dertil lægge de ældste her i Egnen boende Folk denne Omstændighed: At Gaven er skeet med de Forord, at Giverens, nemlig Guldbrandsøns, Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drikke-Gilde, som maatte holdes paa Oure-Kirkebakke, det er den Høi paa Gaarden Oure, hvor Kirken staaer. De vide og at fortælle, at der paa Sognepræstens Bekostning virkelig skal være kiøbt en Tønde Øll hvert Aar, som paa bemældte Sted af Sognefolket blev udtømmet til fornævnte Mands Erindring; men at intet derom mældes i Tingsvidnet, det kommer vel deraf, at samme er forfattet og skrevet efter Reformationen, da denne Skik tillige med mange andre allereede var avskaffet.

Når Vik har to verpe i Aurebukta så vitnar det om eit godt forhold mellom Aure og Vik, dei to eldste gardane, frå jernalderen. Dette verpet var i bruk til omkring 1970. Ved Fauskelandet fiska to kilenøter godt heilt til A

urebukta vart freda for fiske med not og garn. Likeeins ei not syd for og ei nord for odden på Aursneset (Ørsnes). Dei vart utbygde med gilje, seinare er det nytta kilenot. Lakseverpet der er nemnt allereie i året 1717.  I 1724  heiter det at det er «1 ringe laxeverpe med lidet utbytte». I 1738 betaler dei 32 skilling i skatt til kongen, dobbelt så mykje som verpet i Ullavik.

Den første lakseferda blir kalla jonsokferda, og samstundes som dei første laksane kjem inn fjorden dukkar den første humla opp i hagen.

Slik skildrar Hans Strøm nota og garnet:

3) Laxe-Nod er og omtrent af samme Indretning, men sættes ud paa en anden Maade og kan ikke bruges uden ved Hielp af et Værpe eller saa kaldet Laxe-Værpe, det er en Bygning i Søen, bestaaende af nogle opreiste Stelladser, som fra Strandbredden af bygges alt høiere og høiere, og forsynes oven paa med en Træe-Broe eller Stige, paa hvilken man kan gaae fra Landet hen til den yderste Stellads, hvor et lidet Huus er indrettet til en Fisker, som der bestandig sidder for at passe paa, naar Laxen kommer inn i Voddet. Voddet holder omtrent 20 Favne i Længde og 4 eller 5 Favne i Bredde efter Søe-Bundens Dybhed, hvor det sættes ud. Det bliver i den ene Ende fastgiort til Værpet nær ved Landet; gaaer derfra udstrakt langs ved Strandbredden, saa der ikkun bliver en maadelig breed Gang imellem Voddet og Landet, og endelig fæstes til en Pæl i Søen ved et Stykke Toug, som ikkun knyttes løselig med en saa kaldet Drag-Knude og gaaer hend til anden Fisker, som staaer i Land for at trække Voddet ind, saa ofte der skal skee nogen Fangst. Naar nu Laxen, som om Sommeren altid løber nær ved Strandbredden, er kommen inden for Voddet, begynder den i Høiden siddende Fisker at raabe til den anden, som staar paa Land, og saaledes giver ham Signal til at trække Voddet ind; hvilket han og efterkommer med al muelig Hurtighed, imedens den anden kaster smaa stener Stene ud fra Værpet, for derved at strække og hindre den fra at løbe ud af Voddet igjen. Naar Voddet saaledes er trækket i Land, maa Laxen, som er en meget stærk og sprag Fisk, ei strax tages ud, da den let kunde vriste sig af Fiskerens Hænder og løbe i Søen igien; men den maa ligge indviklet i Voddet og bør derhos strax slaaes med en Træe-Kølle paa Hovedet og dræbes, at den ei skal rive Voddet i tu. Naar Fangsten af een eller flere Laxe paa denne Maade er skeet, sætter man Voddet ut igien ved Hielp af en Baad, og farer saaledes for hver Dag fra Morgen til Aften saa lenge Laxe-Fiskeriet gaaer til. I Øvrigt er det at mærke, at Laxe-Vod aldrig maa sættes ud paa et Stæd, hvor Field-Skygge falder, men at dertil altid maa udsees et saadant Stæd, hvor det oven for liggende Field har en liten Dal eller Kløft, som kan kaste et saa kaldet Skar-Lys fra sig ned paa Vandet; thi ved Lysningen af Field-Skaret saa vel som af det opsatte Laxe-Blik lokkes Laxen hen til Voddet, naar den derimod ved Field-Skyggen afskrækkes og vende tilbage.

Dette Slags Fiskerie var tilforn baade rigt og Fordeelagtigt, men har siden (fornemmelig i de seneste kolde og ubehagelige Sommere) meget aftaget tillige med Laxens Priis, og ikke alle Aar erstattet de gjorte Bekostninger paa Laxe-Nod med Værpe, som af nye kan koste 30 Rixdaler og altid udkræver to Opvartere; hvilken Mangel maaske kunde afhielpes, om de forhen beskrevne Laxe-Garn, som baade er mere beqvemme og mindre kostbare, komme i almindeligere Brug.

6) Laxe-Garn, som først skal være opfundet i Trondhiems Stift, er hos os for ikke ret lang Tid siden optaget og ført i Brug. Det holder i Længde omtrent 40 Favne, men i Bredde ikkun 4 eller 5 Favne efter Søe-Bundens Dybhed ved Strandbredden, hvor det sættes ud for at fange Lax, som om Sommeren gemeenlig svæmmer langs og nær ved Strandbreddene. I dette Slags Fiskerie kommer det fornemmelig derpaa an, at Garnet paa den rette Maade bliver udsat; hvilket skeer i Almindelighed saaledes: Først bliver den ene Ende af Garnet fastgiort i Land og omtrent den tredie Deel deraf udsat i en lige Linie fra Landet; dernæst bøies den øvrige Deel af Garnet i 2 eller flere Bugte hen imod Landet igien, dog saa, at der bliver en Aabning imellem Landet og den sidste Ende af Garnet, som ved et Stykke Toug forenes med Landet. Hver Bugt eller Vinkel af Garnet fæstes til Søe-Bunden enten blot ved en Steen eller ved  en saa kaldet Krake (som siden skal beskrives) og forsynes oven til med en tom og let flydende Kagge, som tiener til at holde Garnnet des bedre op, at det kan staae lige og perpendiculair i Søen.

  

Haugbukta ca 1907.jpg

 Dette er laksegilja på nordsida av Haugneset om lag 1907. Det er to karar på bildet, ein oppe på gilja og ein nede ved båten. I bakgrunnen kaia som vart bygd i 1895.


Arbeidet til Strøm, Sunnmøres beskrivelse, eit uvanleg grundig arbeide, er sjølve fundamentet for å lære historia vår gjennom dei siste 2-300 åra.

Så vil eg servere ein liten dessert. I dag er produksjon av laks blitt stor industri. Når vi reiser langs kysten, møter vi mærer frå Lindesnes til Kirkenes. Og i gardssoga står det litt om korleis det heile starta, på Vik i Sykkylven:

OPPDRETT AV LAKS OG AURE PÅ VIKØYRA

Dette tiltaket kan ein føre attende til hausten 1954 då bonde Ivar Heggen frå Valldal på eit ålmannamøte i Straumgjerde slo til lyd for å stengje av inste delen av Sykkylvsfjorden til eit kjempebasseng der ein kunne ale opp laks, serleg med tanke på stam-laks som kunne gi melke og rogn til klekkeria. Planen var av ymse grunnar vanskeleg å omsetje i praksis, men interessa var vekt, og året etter var brørne Olav og Karstein Oddmund Vik i gang med å grave ut laksedammar og bygge klekkeri på Vikeøyra som låg under farsgarden deira. Tiltaket vart organisert under namnet Nor-Laks. Dei kjøpte laks or kilenøtene i fjorden, tappa han for rogn og melke, klekte ut yngelen og ol han opp i store kummar som dei bygde av betong. Dei kjøpte også inn regnbogeaure og dreiv oppdrett av aure. I 1960-åra hadde dei ein fiskesetnad på ca. 200.000 eittårsgamle regnbogeaurar, ca. 20.000 toårs-aurar og dessutan ein heil del 4-5 år gamal stamfisk på 4-7 kg. Nor-Laks har levert settefisk til aure-oppdrettarar rundt omkring i distriktet og til elveeiarlag. Sverike har kjøpt fiskeferdige aurar som har vorte frakta i brunnbåtar til Trondheim og vidare med jarnvegen. Dessutan har dei selt ein heil del matfisk. I åra som har gått har brørne Vik gjort mange verdfulle røynsler som har fått mykje å seie for det vidare arbeidet med oppdrett av laks og aure. Det er prova at laks som er innfanga frå kilenøter, tar mat til seg i fangenskap og kan produsere rogn og melke i fleire år etter kvarandre, og at laks som er kunstig klekt og som heile tida har gått i dammar, kan gi rogn og melke. Vidare har Nor-Laks gjort mange verdfulle prøver med oppdrett av regnbogeaure i dammar med blanding av sjøvatn og ferskvatn. Tiltaket på Vik vekte åtgaum over heile landet og langt vidare. Det kom spurnad til Nor-Laks om resultata og røynslene heilt frå Australia og Tasmania, og den 19. april 1961 fremja trønder-representanten Johan Karlson i Stortinget fylgjande interpellasjon til landbruksministeren: «Er regjeringa oppmerksom på de eksprimenter som drives i Sykkylven med laks og ørret, og som synes å kunne få stor betydning for styrking av næringsgrunnlaget i våre kystområder?»


IMG_20180205_0002_NEW.jpg

Dag Rune Grebstad og Jostein Grebstad driv i 1993 notfiske etter stamfisk i osen i Aureelva. Foto: Per Arne Grebstad

Til slutt ei lita personleg forteljing om opplevingar knytt til denne laksen. Dei to første pjakkane som eg hugsar at eg fekk, var framme i Badedammen, eller Storesteinen. Eg hadde vel fått ein pjakk før det, eller fleire. Elva hadde god vassføring, og eg stod på ein stein midt ute i elva, på demninga, då han slo til. Eg treiv sena og bar han i lufta inn på barden. Det same gjorde eg med andre fisken.

Sommarkveldane stod vi gutane og fiska i elva der nedste enden av ungdomsskulen er i dag. Det var mest moldkre, men ein og annan sjøaure. Ein pjakk innimellom var nok eit unnatak. Men det var starten på opplevinga mi med elva og laksen.

11.11 2017 Per Arne Grebstad 

Og heilt, heilt til slutt - nokre bilete frå Aure i 1992. Her skulle not og samarbeid testast. Foto: Per Arne Grebstad


19 03 12 landnot_0002.jpg




19 03 12 landnot_0001.jpg


kastenot 10.jpg
kastenot 20.jpg

04.01.2020