"Jektekøylå"

Ein teig ved elvaosen ber soge i sitt namn

og gøymer under torva ei travel bygdahamn,

-den gamle Jektekøylå-

der skuter, stamn med stamn

lasta bork og trelast, frukt og vedfamn

som bygdefolket frakta på rygg og slededrag

ilag med vadmåls-stuar og skinn av mange slag,

smør og ost og kvanjol og kunst frå snikkerfag.

Det lukta nykokt tjøre

kring menn som sleit i lag.

 

Når jektene var lasta, stod kursen utan los

mot marknaden i Trandem ved gamle Nidaros,

der kjøpmenn vart trakterte

i skipperens kahytt,

prisar akkederte og heimevarer bytt

i sirupsfat og sukker, olje, hamp og salt,

glas og krydderkrukker, humle, gjær og malt

og brennevin frå Lysholm som vart kontant betalt

og karane på marknadsferd

fekk med seg litt av alt.

 

Dei gjorde klar for heimtur mot Hustadvik  i storm,

og nådde Jektekøylå, der gleda vart enorm!

Når Trandemslast vart lossa og alle fekk sin lut,

var bygda sikra berging mot svolten året ut.

So blanda dei rosiner med ekte risengryn

og kokte Trandems-suppe, som var eit seiendsyn

ilag med Lysholmskjenken og kringlebakst frå by´n

- ved gamle Jektekøyla

   som svann bak minnebryn.

17.11.2022