Merkeår for samferdsla på og langs fjorden
1787 | Samanhengande postrute Bergen-Trondheim kvar veke frå Hellesylt, over Ljøbrekka til Stranda, så med robåt til Amdam og over fjellet til Vestnes. | |
1808 | Hellesylt postopneri i drift | |
1814 | Slyngstad postopneri i Stranden etablert | |
1825 | Ved kgl,res. 6. september vart postvegen klassifisert som hovudveg | |
1846 | Fullført kløvveg frå Veiberg i Ytterdal opp til Kleiva og vidare til Heimre-Eide | |
1857 | 16/12. Hjulbåten D/S «Søndmør» starta rute på fjorden to gongar for veka til og frå Ålesund, via Borgund, Aure, Ørskog, Stordal, Stranda, Norddal, Sylte, Hellesylt og i 1858 også Geiranger. Dette er aksjebrevet til kyrkjesongar Martinus Flem, far til redaktør Ivar Flem. Aksjebrevet er ein aksje i selskapet som kjøpte hjulbåten D/S "Søndmør" og D/S "Romsdal". 10 år seinare var det null verdt. Slik er det å vere føre si tid. | |
1859 | Norddalen postopneri opna på Dalebø i Norddal. | |
1861 | Valldal postopneri opna på Muri, flytta til Sylte i 1869. | |
1861 | Stordal postopneri opna. | |
1866 | Søkelven postopneri opna. | |
1867 | Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab konkurs, hjulbåten D/S «Søndmør» seld | |
1868 | Geiranger postopneri opna | |
1868 | Nytt Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab etablert. D/S «Lodden» innkjøpt og i drift. | |
1879 | Det nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab konkurs | |
1879 | Konsul Joachim Andersens rederi i Ålesund etablert, D/S «Lodden» overtatt | |
1879 | D/S «Lodden» i rute på fjorden i samarbeid med D/S «Robert» | |
1886 | Søndmøre Dampskibsselskab skipa. Nybygde D/S «Geiranger» i rute på fjorden. To rundturar på fjorden kvar veke. O7.00 frå Ålesund tysdag og laurdag. 20 stopp | |
1887 | Nybygd kai i Geiranger som den første i fjorden | |
1889 | Geirangervegen Meråk-Oppland grense offisielt opna 14. august | |
1889 | Nybygde D/S «Søndmør» også i rute på fjorden | |
1890 | Krav om tre ruter på fjorden, men «Søndmørske» meinte to var nok. | |
1893 | Kaier tekne i bruk i Ytterdal og i Valldal | |
1893 | Vegen frå Tryggestad gjennom Norangsdalen starta bygd, ferdig til Øye i 1896 | |
1894 | Kaia på Stranda teken i bruk | |
1890-åra | Vestenfjeldske Dampskibsselskab som hadde ruta mellom Bergen og Ålesund, sette D/S «Nordfjord», også kalla «Treskoen», inn i ei rute på fjorden midt mellom avgangane til Søndmørske. Søndmørske la sin avgang frå Ålesund samtidig med D/S «Nordfjord» og dei kappkøyrde inn fjorden og underbydde kvarandre på billettprisen. Det vart ein episode, men då fylkesreiarlaget, Møre Fylkes Rutebåtar vart skipa i 1920, var D/S «Nordfjord» ein av båtane som vart kjøpt. | |
1896 | Søndmørske kjøpte inn D/S «Storfjord» til bruk på fjorden | |
1902 | Norddal kai vart opna | |
1904 | Kaia på Hellesylt vart opna | |
1906 | Rasmus P. Mork etablerte Aalesunds Meieri og etablerte båtruter for å hente mjølk frå distriktet, også inn til Stranda i Storfjorden. Det var så langt dei våga å hente dagfersk mjølk. Det var korrespondanse også frå Norddalsbygdene og frå Sunnylven. Denne båten tok med passasjerar og gjekk frå Stranda om formiddagen og returnerte om kvelden. Dermed hadde fjordfolket eit tilbod om dagstur til byen. | |
1909 | Søndmøre Dampskibsselskab kjøpte motorbåten M/B «Aure» og sette den inn i ruta til Sykkylven. Morgonrute til byen og retur på ettermiddagen, akkurat som Mork sitt opplegg. Starta frå Straumgjerde kl.07.00. Stopp på Erstad, Blindheim, Ikornnes, Aure, Tusvika, Emleim og Meierikaia i Ålesund. Ruta varte til 1. juni 1956. Parallelt hadde det vore ferjedrift frå Magerholm til Aure i privat regi sidan 1931, og i MRF-regi sidan 1932. Talet på ferjeavgangar auka frå 13 i 1962 til 17 i 1968 og til 25 i 1971, då med to ferjer. I dag er frekvensen over 50. Frå 1. april 1973 vart sambandet nedkorta til Aursnes-Magerholm. | |
1913 | Første rutebildrift på Indre Sunnmøre sett i gong i Geiranger. | |
1914 | Søndmøre Dampskibsselskap fekk ny båt, D/S «Norddalsfjord», sjølvaste stasbåten på fjorden som etterkvart fekk kallenamnet «Silkemusa». Plass til 300 passasjerar. | |
1915 | Billaget Geiranger-Grotli etablert. | |
1920 | Fylkesreiarlaget Møre Fylkes Rutebåtar vart etablert. 21 dampskip med frå starten | |
1920 | Dampskipsrute frå Ålesund og til 18 stoppestader inn fjorden tre dagar for veka, tysdag, torsdag og laurdag med retur frå Geiranger onsdag og sundag, og frå Tafjord fredag. Tysdag avgang frå Ålesund 08.00, framme i Geiranger kl. 23.15, men båten var ofte forseinka, og det vart gjerne både 24.00 og 01.00. Som hemn vart MFR på Hellesylt omdøypt til «Mykje Før Rutå» | |
1920 | Motorbåtrute Stranda-Stordal-Ørskog-Ålesund. Vaksvik-Sjøholt-Apalset-Langskipsøy og Glomset. I drift frå sommeren 1920 til hausten 1921. | |
1920 | Motorbåtruter på Norddalsfjorden og Geirangerfjorden korresponderte med motorbåtruta Stranda-Ålesund. | |
1920 | Sunnmøre Meieri etablerte meieri på Stranda, og dermed sende bøndene i Sykkylven og i fjordbygdene mjølka si dit | |
1921 | Motorbåtruta kutta ut Stranda og Stordal, og Søvik vart ny start for ei rute til Ramstad, Vaksvik, Ørskog, Langskipsøy og Glomset. Apalset og Valle på signal. | |
1922 | Sunnylven Meieri etablert. Dei indre fjordbygdene låg for langt unna meieriet i Ålesund for mjølkeleveransar. Bøndene i Sunnylven og Geiranger kunne levere fersk mjølk i staden for sjølve å måtte gjere mjølka om til smør. | |
1922 | Ny motorbåtrute, avgang Ålesund onsdag kl. 09.00 til Dyrkorn, Stordal og Stranda i tillegg til stoppestadene i Søvik-ruta, og med retur frå Stranda torsdagsmorgon. | |
1922 | Turistrute mellom Sjøholt og Geiranger. M/S «Rollo» med flott salong og restaurasjon om bord, men kunne ikkje ta bilar. | |
1923 | M/F «Bilfergen» sett inn i trafikk mellom Geiranger og Hellesylt. Behovet for å kunne frakte bilar over eller langs fjorden melde seg med stigande styrke. | |
1924 | Talet på ruteturar frå Ålesund til fjordbygdene utvida frå tre til fire kvar veg, to med motorskip og to med dampskip. Starta 08.00 i Ålesund og enda i Geiranger eller Tafjord om kvelden. Starta så retur midt på natta og kom til Ålesund på ettermiddagen. Dette opplegget redusert til tre turar frå 1927-28. | |
1925 | D/S «Rauma» sett inn i rute Sjøholt-Geiranger, varte til 1937. Rauma kunne ta inntil tre bilar på tvers på forskipet. På Sjøholt var det korrespondanse med rutebil til/frå Vestnes. Sommarrute frå 15. juni til 8. september. | |
1929 | Start i Ålesund kl. 14.00, seks turar kvar veg for veka med eitt skip. Glomset og Langskipsøy erstatta av buss. Endestaden seint på kveld eller natt, og retur med ein gong. Stranda anløp kl.20.00 på veg frå Ålesund og kl. 07.00 til Ålesund. Bussar langs fjorden til Sjøholt gjorde turen ut til Ålesund kortare om ein kombinerte. | |
1931 | Bastian Weiberg-Aurdal fekk bygd B/F «Raana» og starta sambandet Aure-Magerholm. Ferja overteken av MRF året etter. Dette var det første heilårs ferjesambandet i Møre og Romsdal. | |
1932 | Oaldsbygda kai teken i bruk. Før måtte av- og påstiging skje frå føringsbåt. | |
1933 | Transportbehovet for bilar hadde blitt så stort at M/B «Sykkylvsfjord» måtte assistere i ruta mellom Sjøholt og Geiranger. «Sykkylvsfjord» kunne ta fem bilar. I sommarsesongen korresponderte M/B «Tafjord» med ruteskipet D/S «Rauma» på Stranda, og frakta passasjerar til og frå Overåneset og Norddalsbygdene | |
1936 | 31. juli vart veganlegget mellom Valldal og Romsdal opna av kong Haakon, og han ga vegen namnet Trollstigvegen. Dagen etter var trafikken i gang. | |
1937 | D/S «Geiranger» vart omdøypt til D/S «Ivar Aasen» for å frigi namnet til den nye statsfinansierte ferja B/F «Geiranger» som var bygd som turistferje for å gå i ruta på Storfjorden mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger. | |
1937 | Den hausten vart veganlegget mellom Sykkylven og Stranda opna. | |
1938 | Første rutebilkøyring Stranda-Sykkylven-Magerholm-Ålesund i regi av Stranda og Sykkylven Billag A/S | |
1939 | Vegen frå Vaksvik til Dyrkorn opna for ferdsel. Riksveg frå 1. juli 1941.D/S «Rauma» si turistrute gjekk då frå Dyrkorn i staden for frå Sjøholt. Bussar frå Dyrkorn. | |
1939 | Sommarbilveg til Dalsnibba | |
1946 | Ferjerute med B/F «Bilfergen» frå Dyrkorn til Stranda og Valldal. | |
1947 | B/F «Farmann» i sommarrute frå Hellesylt til Geiranger, så til Stranda, Stordal og til Dyrkorn. Retur same vegen. Korrespondanse med rutebil på alle stopp | |
1947 | Johannes Festøy bygde kai med ferjelem i Festøya, og B/F «Raana» tok ein rundtur pr. dag mellom Magerholm og Festøya i 1947, 1948 og 1949. | |
1949 | Ferjekai bygd på Dyrkorn. Større ferjer kunne brukast | |
1950 | I juni 1950 vart det frå Sunde ferjekai i Solavågen etablert heilårs ferjesamband til Festøya. | |
1950 | I Geiranger var det korrespondanse med bilrute til og frå Grotli og buss vidare til Otta og Stryn. På Hellesylt bussrute til Urke og til Stryn. På Stranda buss til Sykkylven og Ålesund. (Ferje Aure-Magerholm) | |
1955 | 15. september opna Ørnevegen, og vegsamband mellom Geiranger og Eidsdal |
|
1955 | B/F «Julsund» frå Geiranger om morgonen, til Hellesylt, Stranda, Stordal og Dyrkorn. Gjekk også ei rute Dyrkorn, Stranda, Valldal og Tafjord. |
|
1956 | Ferjerute mellom Eidsdal og Valldal med seks turar dagleg |
|
1956 | Vegsambandet mellom Dyrkorn og Stordal opna 21. juli. Ferjefritt samband mellom Liabygda, Stordal og Ålesund. Ferjefritt heilt til Overåneset. |
|
1957 | Overåneset ferjekai opna. Ferjerute mellom Valldal og Overåneset |
|
1962 | 22. september opna vegsambandet Stranda-Hellesylt og ferjesambandet mellom Stranda og Hellesylt vart nedlagt våren 1963 |
|
1967 | Riksvegen ført fram til Linge og ny ferjekai bygd der. Fem ferjeavgangar til Overåneset. Frå Valldal fem ferjeavgangar til Eidsdal og vidare til Overåneset |
|
1975 | Denne sommaren vart vegen mellom Overå og Linge opna. Valldal hadde fått heilårs ferjefritt samband, og sambanda Valldal-Overåneset, Linge-Overåneset vart overflødige. |
|
1975 | Tunnel gjennom Syltefjellet knytte Fjørå til riksvegnettet |
|
1979 | Ferdig veg til Gravaneset og Liabygda ferjekai ferdig bygd der. Dermed vart ferjesambandet Stranda-Stordal nedlagt frå 1. juli, og nytt samband Stranda-Gravaneset vart etablert. Overåneset ferjekai avvikla, og det same vart sambanda Overåneset-Eidsdal og Stranda-Overåneset |
|
1982 | Denne våren vart vegen Fjørå-Tafjord gjennombroten, og ferjeruta til Tafjord nedlagt frå 1. juli. På austsida av Storfjorden var det no samanhengande ferjefri veg frå Ålesund til Tafjord. Fjorden vart kryssa tvers over, men tida då fjorden var transportåre på langs både for folk og gods, var over. I dag blir fjorden på langs først og fremst sett på som ein turistattraksjon, og den er ikkje liten! |
|
Kjelde: Ragnar Ulstein si framifrå bok om MRF
Harald Kjølås