Fivelstadhaugen.jpg

130 hestar med vogn og gjerne også nokre bilar måtte til for å frakte turistane frå Øye og til Fivelstadhaugen, der dei fekk servering, før dei gjekk om bord i cruiseskipet på Hellesylt.

Cruisetrafikken først og fremst inn til Geiranger, men også inn til Øye i Hjørundfjorden, skapte ei kopling gjennom Norangsdalen til Hellesylt, og vegen frå Geiranger og over fjellet til Stryn og vidare til Hornindal og Hellesylt, skapte også ei overlandsrute som var nært knytt til cruisetrafikken. Alt som hadde med å yte service til turistane skapte ei ny næring i fjordbygdene.

I 1899 vart det starta med overlandsturar frå Øye i Hjørundfjorden til Hellesylt. Året før hadde Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline reist denne turen. Dei stansa på Fivelstadhaugen, der dei i høve besøket hadde heist det reine norske flagget utan unionsmerket, Bjørnson snakka med ein slåttekar, og sa han var imponert over dei bratte fjella, og han var også imponert over at dei brukte det reine norske flagget: «Ja», sa slåttekaren, «vi synest det høver best mellom dei norske fjella». Bjørnson og Karoline vart rodd frå Hellesylt til Geiranger av Hellesylt-Magnus og Hølsbakk-Ole, og innanfor Nokkenibba reiste dei to seg i båten og ropte alt dei orka eit hurra for Bjørnson. Ropet gjekk som eit ekko mellom fjella, og det imponerte Bjørnson, og han reiste seg i båten og sa: «I deres sogn trengs ingen prester, for her taler naturen sitt mektige sprog!»

Fivelstadhaugen vart fast stoppestad for overlandsturane frå Øye til Hellesylt, og turane sysselsette omtrent alle sunnylvingar og nokre honndøler som hadde hest. I 1909 skipa dei Norangsdalen Skysslag, og på det meste hadde dei 120-130 hestar til rådvelde. Det var sett opp drikkekasser for hestane langs vegen, og under serveringa på Fivelstadhaugen fekk hestane fôr, og skysskarane åt nista si. Dei store cruiseskipa som kom i 1920-åra og utover brukte opp til 130 hestar og 15-20 bilar for å frakte alle turistane frå Øye til Hellesylt. I tillegg kunne det vere opp til 1500 som tok turen frå Øye til Hellesylt til fots. Det var eit yrande liv gjennom dalen, dagen til ende.

1932-Geiranger.jpg

Etter første verdskrigen og utover i 1920-åra tok bilane over all turistkøyring på land. Ikkje minst dei opne bilane som dei tidlegare hesteeigarane i Geiranger gjekk saman om å kjøpe, var populære blant turistane. Her frå 1930-talet.


I Geiranger var skysslaget skipa i 1907, og trafikken opp til Djupvatnet og også etter kvart vidare over Strynefjellet, ned til Hjelle i første omgang og så retur til Geiranger, men når bilane slo igjennom for fullt vart dei også overlandsturar til Hellesylt, med lunsj på Raftevold Hotell på Grodås. Seinare vart overlandsturane gjennomførte med buss. Det vart grunnlag for ei heil næring. I 1920 skipa dei fire kommunane i Ottadalen saman med Geiranger sokn og Stryn kommune billaget O.G.S, og i 1914 hadde interessentar i Nordfjord og Sunnylven skipa L/L Nordfjord og Sunnmøre Billag. I 1916 vart Norangsdalen Auto skipa, og det eldste selskapet var Geiranger Skysslag, skipa alt i 1907.

Tekst: Harald Kjølås