Så langt eg kjenner til var det to gardsbruk som måtte investere i føringsbåt som nødvendig for gardsdrifta, det var Nerhus og Vikja.
Min oldefar, Tore Ludolfson Nerhus (1820-1904) gifta seg i 1853 med ei jente frå Dalsbygda, Karen Maria Ivardtr. Krohn (1830-1906). Dei fekk mellom anna litt av ei bryllaupsgåve frå brura sine foreldre: beiterett for sine husdyr på Herdalssætra! For den tida å vere var dette ei uvanleg raus gåve, og for dei unge som skulle overta garden på Nerhus, svært verdfullt, for garden hadde ikkje sæter frå før. Rett nok har vi Nerhus-stølen litt innafor Sæter-gardane i ca. 550 m. høgde. Men der har visst aldri vore sæterhus, men etter namnet å døme må dei ha beiterett der. Geitene beita elles i heile Nerhus-stranda innover mot Furneset. Men gåva skapte også eit problem. Korleis skulle dei få 5-6 storfe og alle geitene i tillegg, til Dalsbygda? Hesten «Balder» var aldri med til sæters, han måtte arbeide om sommaren.
Det var berre fjorden som var ferdsleåra den gongen, men færingen dugde ikkje som førslebåt. Men dei hadde ein dyktig båtbyggar som nabo - Båte-Rasmus. Han igjen hadde ein son, Martinus, som flytte til Vestnes og kom inn i eit aktivt båtbyggar-miljø der. Dette gav oldefar ideen om å få bygd ein større føringsbåt for å frakte storfeet og geitene til sommarbeite i Dalsbygda. Det viste seg å vere ei framifrå løysing.
I Fjørå er det ein gamal føringsbåt som snart er 90 år. Den var spesialbestilt til å frakte dyr over fjorden når dei skulle på sætra. I bakgrunnen: Kåre Nerhagen og Arvid Nerhus. Foto: Ove Hansen
Så over til vår tid. Våren 1934 hugsa vi eldre godt. Flodbølgja tok naust og båt og smadra dei til pinneved. Men morbror Lars ga ikkje opp. Ein anna morbror hadde flytt til Furland i Vestnes og var ein god mellommann for å skaffe ny førslebåt til Nerhus. Ny båt vart tinga og den vart klar til sommarsesongen 1935, bygd på Vik i Vestnes. Men det er verdt å minnast at min gode morbror Tore og sonen Olav - mitt søskenbarn - rodde denne nye svære førsle-båten frå Vestnes om Ålesund og Brosundet og heilt til Fjørå! Eg trur nok at dei hadde vurdert å ro gjennom Dragsundet i Skodje, som var betydeleg kortare veg, men båten med årane ute, måtte ha ei seilingsbreidd på om lag 9 meter. Roarane hadde nok funne ut at det vart vanskar med å kome igjennom, med for lita seilingsbreidd og kraftig straum i sundet.
Det er Arvid Nerhus og Kåre Nerhagen som held eit årepar frå føringsbåten. Årene er 4,65 meter. Foto: Ove Hansen
Eg har fått vore med å «jaga på sætra» til Herdalen ein gong i min tidlege ungdom.
Ein slik tur måtte nøye planleggast skulle alt gå bra. Kanskje det viktigaste var å følgje med på veret. Stav-still fjord var det store ønskje, men det var nok ikkje sjølvsagt, veret er ofte lunefullt. Det vi ottast var stri «utrøne» frå Vindsneset og forbi Hestholmen. Det kunne bli knallhard roing som tærte på kreftene. Men vi var alltid minst fire mann slik at ein skifte på ved årane, gjerne båre tre og fire gongar. Han som sat ved «styrevoen» var ein viktig person. Det var ofte ulike krefter i rorskarane som gjorde at båten lett kunne kome ut av kurs.
Det var ofte varmt den tida på året (slutten av juni) og det var fast rutine at vi skulle dra litt seint på ettermiddag, av omsyn til dyra, som då fekk ein litt sval kveld og natt på den lange vandringa mot Herdalen. Etter vegen er det om lag 10 km frå sjøen og fram til stølen.
Det heile børja med utslepp. Den som har vore med på slikt veit at når kua slepp ut etter ein lang vinter blir det «kalvedans»! Vi brukte god tid på den korte vegen frå fjøset og ned til naustet. Så var det å få dyra om bord. Det var godt tillaga i støa etter mange års erfaringar. Dei eldre kyrne gjekk det fint med. Først ein framfot, så den andre. Dei gamle kyrne kjente på dette at første steget om bord, var steget mot ein herleg sommar på Herdalen med frodige beitemarker! Dei yngre dyra måtte meir opplærast, oftast med makt. Geitene var enklare å fare med. Dei var viljuge å lokke med seg båe ned til sjøen og om bord i båten. Hadde du ein go’bit i handa så følgde dei gjerne. Det vart ganske fullt i båten når alle kom om bord og den stakk nok betydeleg djupare i sjøen med slik last, og var tyngre å ro.
Alt gjekk fint, og første skiftet roarar sette seg ved årane. På land stod fleire budeier og andre og vinka farvel! Eg hugsa godt at mor tok ofte turen inn til naustet for å sjå avferda. Ho tok til som budeie på Herdalen som 15-åring i 1898, og gjekk der i 6 somrar!
Kyrne vart bundne til ripa på begge sider, og båten låg no trygd og godt på sjøen. I år var vi heldige med veret, nesten ikkje vind og sjø. Litt «utrøne» vart det i Dalsstranda, men vi kom vel fram til ei stø/vorr like ved Dale kyrkje. Det gjekk og fint å få dyra på land, dei fleste oppførte seg eksemplarisk.
Kartet viser reisa frå Nerhus til dei er framme med krøttera på fjellbeita i Herdalen markert med raudt. Kart: Kåre Nerhagen og Liv Randi Bjørlykke
Vi la båten for anker, og tok fatt på fotturen til sæters. Vi gjekk ikkje bygdevegen frå sjøen og opp til Innset. Det var alt for mykje frodige grasmarker å gå forbi for kyrne, så det hadde nok vore vanskar utan band. Vi fylgje ei rås langs utmarksgardane slik at kyrne fekk gå lause. Frå Innset fylgde vi den gamle kjerrevegen forbi Botnen og fram til sætra. Det er vel ikkje vanskeleg å forstå at både karane og dyra vart både trøytte og slitne før vi kom fram. Kyrne fann sin bås i sommarfjøset og karane kraup til køys i Nerhus-selet, etter ein god nattmat som årets budeie laga til. Ho stod framfor ein travel sommar med stell og pass av dyra, mjølking med hand og ysting. Eg synest enno eg ser den digre ostegryta i Herdalen!
Etter ei god natt var det klart for heimreise. Til fots ned att til sjøen, no etter bygdevegen. Fekk vaska båten og tok årane fatt. No låg båten lettare i sjøen og var såleis lettare å ro. Vi kunne berre konstatere at også dette året vart turen med dyra til fjellbeite i Herdalen vel- lukka for både dyr og folk. Når påhengsmotoren kom til Nerhus vart det den montert på færingen, som slepte førslebåten, og rorskarane vart arbeidslause. Siste åra med sæterdrift fekk dyra ei meir avansert reise med eigen bil - dyrebil og ferje Linge - Eidsdal.
Førslebåten vart og brukt til anna frakting. Eg hugsa at vi lånte Nerhus-båten til å frakte støypesand frå Sylte. Det måtte gjerast ein vindstill dag. Vi rodde til Sylte og la til ved storkaia. Føreåt hadde far tinga Einvald Valdal, som hadde ein av første lastebilane i Valldal, til å hente sand i Syltemoa. Det var den gong ikkje starta opp med kommersiell drift. Oskar Sylte hadde eit lite sandtak, utan tekniske hjelpemidlar, det viktigaste reiskap var nok ein spade. Einvald var alt komen der med den vesle lastebilen. Rigga seg heilt ut på kaikanten og var klar til å tippe lasten. Vi skulle halde båten på plass slik at sanden traff midt i båten.
Det var i høgste grad eit risiko-prosjekt! Men det gjekk bra. Det var godt at lasteplanet var lite - vanskeleg å bedømme tyngda av sanden og kva båten tolde. Men også dette gjekk bra sjølv om båten låg faretruande djupt i sjøen då vi tok årene fatt.
Vi fekk ei lita føling med faren når vi kom inn til Selstokkneset, Det var då kome ein liten austabris ut Tafjorden som laga små bølgjer, og ei og anna slo litt over ripa. Heldigvis kom vi oss velberga til kaia i Fjørå. Skulle vi få sjø i denne lasten ville alt gå loddrett til botnen!
Føringsbåten i naustet på Fjørå 27.april 2021. Båten vart tinga i 1934 etter at flodbølgja hadde knust den gamle føringsbåten på Nerhus. Den nye vart bygd på Vik i Vestnes. Foto: Ove Hansen
Vitale mål på føringsbåten: lengde 8,25 meter, bredde 2,50 meter og bredde tiljer 1,50 meter. Foto: Ove Hansen
Førslebåten vart og brukt til å frakte dyr til Tafjord. Både i Rødalen og i Kaldhussæterdalen var gode beiter både for storfe og småfe. Beite som ikkje vart nytta av oppsitjarane der. Eg var og med å ro førslebåten, full av kalvar til Tafjord. Så å leie dei den lange vegen opp mot Kaldhussæter. På slutten av vegen var det «eit steg i dag og eitt i morgon», kalvane var heilt utslitne! Må berre få skyte inn at i dag er det ikkje att husdyr i Tafjord-bygda. Siste sauene vart sendt til slakteriet hausten i 2020. Dei gode beitemarkene i dei frodige dalføra gror att med skog – og kva med slåttemarka?
I Vikja hadde dei også førslebåt som dei var avhengig av å bruke når dyra skulle til Vika-sætra, på andre sida av fjorden. Dette galdt både for storfe og småfe. I tillegg hadde dei ein god del slåttemark på Vindsneset og høyet skulle fraktast over til Vikja. Siste brukar på Vindsneset døydde i 1758 på Sylte, han heitte Guttorm Olsen og det var bonden i Vikja som kjøpte og overtok garden, og ikkje minst beiteretten på sætra.
Vika-båten vart og brukt av gardbrukarane på sørsida av fjorden - Osvika og Kastet - når det var spørsmål om å bytte/selje storfe og hestar. I Osvika var det særs god hamn for små og for større båtar. På Kastet var uråd å legge til for slik transport før det vart bygd kai under utbygginga av linjenettet for Tafjord Kraft i 1920 åra. Mellom Osvika og Kastet og til Kvennhusneset var det greitt og ganske trygt å leie dyr. Førslebåten vart såleis eit viktig hjelpemiddel for i det heile å kunne ha storfe på desse gardane på sørsida.
Artikkelforfatteren Kåre Nerhagen om bord føringsbåten frå 1935. Bildet syner korleis båten er utstyrt innvendig med tauringar til å feste dyra. Foto: Ove Hansen
Men den tid er forbi. Alle dei seks bruka på Sørsida av Tafjorden vart fråflytta etter krigen i 1945 og uti 50-åra. Både på Nerhus og i Vikja har dei slutta med dyr og sæterdrifta vart historie. Men på Herdalssætra er det full drift med kyr og geiter framleis. Vel verdt å besøke!
Førslebåtane vert tatt vare på Dei står trygt og godt på sin faste plass i nausta på Nerhus og i Vikja, og deira innsats i gardsdrifta og i bondekulturen er vel verd å minnast og ta vare på for ettertida.
Dette er eit lite bidrag til det!
Nerhagen april 2021
Kåre Nerhagen
ETTERSKRIFT!
Ove Hansen og eg fekk sjå nærare på Nerhus-båten den 27 04 2021. Tok fleire bilete som syner dimensjonane av båt og årer, og fekk nye opplysningar av eigaren. Båten står der så fin og velstelt og fylte halve naustet. Vi vil rette ei stor takk til eigaren Arvid Nerhus for at vi fekk dette besøket!
Kåre