UnionHotel-old.jpg

Både Union Hotell i Geiranger og Union Hotell på Øye var såkalla ferdighus produsert hos Thams i Orkanger og frakta på lekterar ned til Geiranger og Øye.


Bortsett frå sommarvegen over fjellet til Grotli, var fjorden einaste bindelekken Geiranger hadde med omverda. Geirangervegen kom i 1889, og då vart det også bygd fleire hotell. Hotell Geiranger kom i 1885, og  eit aksjeselskap frå Ålesund med hotelleigar Adolf Schieldrup i spissen, kjøpte to prefabrikerte hotellbygningar frå Thams sin ferdighusfabrikk, Strandheim Bruk på Orkanger. Det eine vart Union på Øye og det andre vart Union i Geiranger. Aksjeselskapet gjekk konkurs før hotella kunne opnast, og i samband med det var det ei kraftig utveksling av telegram mellom Geiranger og omverda. I ein artikkel i Sunnmørsposten i 1962 fortel ein person med initialane  H.P.W. om då han var telegramkurer til og frå Geiranger. Næraste telegrafstasjon var på Sjøholt, og telegramma frå Geiranger vart rodde ut dit. Dei starta i 5-6-tida om morgonen og kom tilbake ut på natta eller neste dags morgon, og var dei heldige hadde dei då fått med seg svartelegrammet også. Om dei ikkje fekk svar med ein gong, vart det ein ny rotur ut til Sjøholt for å hente svaret. H.P.W. skriv at dei fleste telegramma skulle anten til Ålesund eller til Bergen eller Trondheim. Telegramkurerane vart i alle fall sterke i hendene.