Det var den tid eg reiste heimafrå kvart år andre juledag og kom heim att etter nyttår. Det var juletrefestar eg hjelpte til med, og det var ordna med ferdarute, slik at eg for frå stad til stad, og var i gjestebod hos kjenningar kvar einaste dag og på fest om kveldane.
Denne gongen hadde eg vore på «Fjorden» som det heiter no, i gamle dagar sa dei «inni fjårå».
Kvelden før nyttårsaftan var eg i Liabygda, budde sjølvsagt hos Nils E. (Nils E. Ringset), og der sto det ingen ting på meg. Men denne gongen ville eg heimatt til nyår. Og så fann vi ut at det gjekk båt til byen grytidleg nyårsaftan.
Ja, vi var oppe i otta. Fru Marta sytte for morgonkaffien og Nils E. ville vere med til sjøs. Men då vi kom ned i Liabakkane, såg vi «Norddalsfjord» strålande opplyst, stryke utmed stranda på sørsida. Båten gjekk ikkje til Liabygda i dag, eit rutebrigde vi ikkje hadde lagt merke til.
-Du kjem nok ikkje til Ørsta i dag, sa Nils E. -du kan slå deg til her over nyåret. -Eg er heime komen om eg kjem til Sykkylven og, sa eg. -Kanskje let det seg gjere å få eit far dit?
Det let seg nok gjere, sa Nils E. -Mjølkebåten til Stranda går herfrå i 11-tida, og frå Stranda går det mjølkebåt til Ramstadsjøen. Kan du få tak i ein bil, så er du i Sykkylven tidleg på kveld.
_Fint, sa eg. Og så rusla karane til gards att, og kom nett i høveleg tid til ein mektig frukost.
I 11-tida var eg på kaia, og mjølkebåten var i rute. Det tok ikkje lang tid over fjorden, og båten til Ramstad gjekk ikkje før om eit par timar, så eg rusla opp på Dreges Hotell. Der hadde dei no att litt av julematen, og middagen eg fekk var det ingen ting å klage på. Så hadde eg meg ein koseleg prat med sjølvefolket (Hans Petter og Anna Drege). Men så såg eg på klokka, som alltid har ein tendens til å gå for fort i hyggeleg lag.
-Du må vente til du får kaffi, sa Anna Drege. -Ja, men båten…
-Går ikkje på lenge. Ingen går herfrå utan å få kaffi. Sit berre roleg, det hastar ikkje. Så sat eg roleg, og så fekk eg kaffi, takka for meg, ynskte godt nyår, og rusla ned på kaia. Då var Ramstadbåten komen eit godt stykke ut i fjorden.
Ja, ja, ergerleg var det, det er så rart med det når ein har lagt ein plan, endå eg godt kunne tenkje meg å feire nyår på Dreges Hotell.
Men det låg ein båt til og kakka ved kaia og skulle nett til å kaste laust. Eg spurte om bord kvar dei hadde tenkt seg. -ut i Fausa-landet, var svaret. -Vil de ta meg med og gjere ein sving ut til Vidhammer med meg? Dei var beinige og lova med det. Eg hadde ein plan ferdig. Eg visste at dei hadde ein liten motorbåt ute i Vidhammer, kanskje kunne dei snerte seg ut til Ramstadkaia med meg når eg snakka vel med dei.
Det small laust med ein hivande austing då vi kom ut på fjorden. Båten gjekk berre på skumtoppane utmed stranda. Men til Fausalandet kom vi, og til Vidhammer og. Der leita eg opp mannen med motorbåten. -Du skal vere velkomen, sa han – det er ikkje ofte vi har nyårsgjestar her på Vidhammer. -Takk, sa eg, men kan du skysse meg ut til Ramstadkaia?
-Uråd!, sa han. Ser du ikkje korleis fjorden ser ut? Eg kom meg nok ikkje heim att i kveld om eg reiste til Ramstad. Og det er nyårskvelden, veit du.
Nei, nei, så fekk eg vere tilfreds med å halde nyår på Vidhammer då. Det hadde eg aldri gjort før, så det kunne no vere litt av eit eventyr og.
Men om ei stund la vêret seg litt, og vi vart samde om å våge oss av garde. Spakninga var no elles berre eit vindriv. Storfjorden tok kjakane fulle på nytt og bles den vesle farkosten vår bort over båretoppane med hopp og med hiv. Det bles litt for mykje, men festleg var det likevel.
-Reis på Ramstadsaga, sa dei i gamle dagar, kva dei no elles meinte med det. Men til Ramstadlandet kom vi nokolunde turrskodde. Eg gjekk på land, og Vidhammer-mannen tok på heimveg. Seinare frette eg at det hadde vore eit heilt bask for han å kome seg heim att, men greidde det gjorde han.
Ja,ja, der stod eg. Fyrst ringde eg heim og fortalde kvar eg var, og ynskte dei godt nyår. Så ringde eg til ein sjåfør i Sykkylven og fekk denne meldinga: Mildvêr lenge, teleløysing, vegen stengd, spør lensmannen. Så ringde eg til lensmannen og fekk dispensasjon. Så ny oppringing til sjåføren.
Ein halv time etterpå var eg på veg til Sykkylven. Eg sat og gledde meg til den tradisjonelle nyttårskonserten i Sykkylvskyrkja. Men då vi kom til Aure sto kyrkja der still og mørk og stengd. Det var ikkje nyttårskonsert det året.
Køyr til Straumsheim, sa eg. Så køyrde eg gjennom Sykkylvsbygda den stemningsfulle høgtidskvelden. Og snart var eg heime hos mor og far, dei levde båe den gongen. Og no kan eg slutte med den gamle juleheftevendinga: Så vart det nyårskveld likevel!