Foreininga sitt formål er å samle inn kunnskap og historisk materiale om kva desse fjordane og dei andre sidefjordane til Storfjorden, har hatt å seie som ferdselsåre, kontaktskapar, matfat, attraksjon og transportveg for både folket langs desse fjordane og for ein aukande straum turistar. Alle sider ved livet på og i fjorden er det denne foreininga skal interessere seg for.